Fornøgde kundar er målet vårt

Ørsta Bil sitt anlegg i Langemyra 9

Ørsta Bil AS vart etablert i 2002 og består i dag av 13 dedikerte tilsette, fleire med over 25 års erfaring i bransjen.

Hos oss er alle kundar like viktige. Anten du treng ein rimeleg og trygg familiebil for å frakte framtidige fotballstjerner til trening, eller er på utkik etter eit realt arbeidsjarn med plass til både sirkelsag og plankar, skal vi hjelpe deg med å finne modellen og spesifikasjonane du treng.

Vi er ein komplett bilforhandlar som i tillegg til å selje nye og brukte modellar av Ford og Nissan, også tilbyr finansiering, lån, service, verkstad, tilleggsutstyr, delelager, karosseri- og lakkering. Med andre ord: alt du måtte trenge, samla på ein stad.

Ørsta Bil AS held til i Langemyra 9 ved flyplassen i Ørsta (Hovdebygda). Ta ein tur innom for å sjå spennande bilnyheiter og slå av ein prat med ein av dei hyggelege seljarane våre!